Rasteplass og utsiktspunkt Vøringsfossen
GPS, Vøringsfossen:
60.42669, 7.251631
Delvis tilgjengeleg for rullestol.
Toaletta på Fossli er normalt opne frå byrjinga av april til november. Tømming av toalett frå bubil og campingvogn er ikkje tillate.
Vøringsfossen er ein av Norges mest kjende turistattraksjonar. Her stuper store vassmengder 182 meter frå Hardangerviddeplatået ned i Måbødalen.
Denne dramatiske overgangen mellom fjord og vidde gjer inntrykk. Fossefallet kan vere høglydt, særleg når vassføringa er stor.
Heile anlegget består av over ein kilometer sikra sti. Det er bygd fleire utsiktspunkt, store og små bruer, to servicebygg og romslege parkeringsplassar. Parkeringsplassen på Fossatromma har lading for elbil.
Det øvre området ved Fossli og det nedre platået på Fossatromma, blir bundne saman av den spektakulære trappebrua over elva Bjoreio og den gamle kløvvegen.
Gjennom Statens vegvesen sitt arbeid med Nasjonale turistvegar har reiselivsikonet Vøringsfossen fått eit solid løft. No kan besøkande oppleve fossen og Måbødalen frå nye perspektiv på trygge stiar og utsiktspunkt. Sjå kart over anlegget.
Delar av attraksjonen er stengd om vinteren.
Kart over strekningen
Stengt for vinteren
- Stengte:
- Beregnet åpnet: