Det nye utsiktspunktet på Fossatromma. Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen

Vøringsfossen er kanskje den mest kjende fossen i landet. Her stuper store vassmengder 182 meter frå Hardangerviddeplatået ned i Måbødalen. Etter å ha utvikla destinasjonen Vøringsfossen med to tidlegare utbyggingsetappar, kompletterer Statens vegvesen i år attraksjonen med eit stort parkeringsanlegg med elbil-lading, offentleg toalett, utsiktspunkt og landskapsarbeid på Fossatromma.

Utsiktspunkt i stål nær juvkanten ved Vøringsfossen.
Besøkjande til Vøringsfossen kan no oppleve vassmengdene på trygg avstand. Foto: Carl-Viggo Hølmebakk, Hølmebakk Øymo

Besøkjande vil med dette kunne oppleve Vøringsfossen og Måbødalen frå nye perspektiv, og det nedre platået på Fossatromma blir nå tilgjengeleg frå det øvre området ved Fossli via den spektakulære trappebrua over elva Bjoreio og den gamle kløvvegen. I 2009 vann arkitekt Carl Viggo Hølmebakk ein designkonkurranse for Vøringsfossen. I 2015 vart første fase i utbygginga byrja på Fossli med stiar, toalett, parkering og fleire utsiktspunkt mot fossen og dalen.

Utsiktspunkt i stål nær juvkanten.
Denne dramatiske overgangen mellom fjord og vidde gjer inntrykk. Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen

Andre etappe med den internasjonalt omtalte trappebrua over fossen mellom Fossli og Fossatromma vart opna i 2020. Den tredje etappen med tilrettelegginga av Fossatromma får no altså ei offisiell opning i september 2024.

Heile anlegget består dermed av over ein kilometer sikra sti, fleire spektakulære utsiktspunkt, store og små bruer, to servicehus, samt romslege parkeringsplassar, der den eine tilbyr lading for elbilar.