Liasanden rasteplass med ny miljøprofil. Foto: Werner Harstad, Statens vegvesen

Den stemningsfulle rasteplassen Liasanden langs Nasjonal turistveg Sognefjellet opnar i ny sykkelvenleg drakt. Nye uteareal med sitjegrupper, betre fasilitetar for syklistar og bilfritt område er den nye miljøprofilen til rasteplassen.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård vil foreta den høgtidelege opninga.

Tialettbygg i tre omgitt av skog.
Det nyrestaurerte toalettbygget. Foto: Werner Harstad, Statens vegvesen

Den rolege, lune rasteplassen i skogen ved Liasand var den første rasteplassen som sto ferdig langs dei nasjonale turistvegane i 1997. Etter 27 år med mange besøkande og mykje trafikk var Liasanden betydeleg nedsliten med skadar på røter og undervegetasjon, og derfor klar for eit løft.

Den oppgraderte rasteplassen har fått nye benkar i tre, og to skur med tak som gir ly for ver og vind; noko som har vore eit tilbakevendande ynskje frå syklistar. Dei opphavlege arkitektteikna toaletta frå 1997 blir ståande oppgraderte som eit tidsminne.

Mann sitter på rastemøbler i skogen.
Liasanden rasteplass med ny miljøprofil. Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen

Som eit miljøvenleg tiltak har Statens vegvesen stengt skogen for bilkøyring og viser til felles parkering i aust. Derifrå kan dei reisande lett spasere inn i rekreasjonsområdet.

Nyetablert vegetasjon vil framleis kunne vera sårbar for tråkk, noko avsperring kan vere aktuelt ut sesongen.

Arkitekt: Jensen & Skodvin
Entreprenør: Mesta
Byggherre: Statens vegvesen