Lovra

Gøymt inne i skogen finn du utsiktspunktet Lovra, sør for Sand i Suldal.

Arkitekt:
Helen & Hard
Eidaholmen i Lovrafjorden, Suldal.
Eidaholmen i Lovrafjorden, Suldal. Foto: Helge Stikbakke, Statens vegvesen.

En rasteplass synlig fra vegen ville friste de reisende til å undersøke området videre. Da man kom til rasteplassen på Lovra var det ikke mulig å få et inntrykk av hva som ventet deg, dersom du ikke stoppet opp og beveget deg ut på kollen. Trærne langs vegen stengte til dels for den vidstrakte utsikten, og det var derfor viktig å gjøre deg oppmerksom på stien ut til utsiktspunktene. Helen & Hard valgte å beholde de tidligere betongsokklene som underlag til benken og festet bordplaten i gul, oksidert metall på naturstein fra røysa. Samme uttrykk går igjen på bord og benker på utsiktspunktene på kollen og pynten.   

Til Lovra

Tyrvefjøra

Med servicebygget sin særeigne og spesielle arkitektur har Helen & Hard arkitektar gitt rasteplassen i Indre Ålvik ein ny identitet.

Arkitekt:
Helen & Hard
Fullført:
2022
Tyrvefjøra rasteplass. Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen
Tyrvefjøra rasteplass. Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen

Tittelen på prosjektet er «Et geologisk vindu», og inspirasjonen til prosjektet har arkitektane henta i naturen lokalt. Arkitektane har hatt eit ynskje om å utforska geologien på staden med sine sediment, sprekkar og foldar.

Ideen er å nytta tre med stamme og rot som byggemateriale. Resultatet er eit bygg beståande av tilverka furustammar og betong. Trestammane er henta frå området langs Hardangerfjorden, og taket er ein betongkonstruksjon med tilslag av grus og rullesteinar. Dei to bygningskroppane under den felles takkonstruksjonen har eit standard toalett og eit HC-toalett, i tillegg til teknisk rom.

Plassen rundt er opparbeidd med gang- og grøntareal, benkar og svaberg. Den gruslagte parkeringsplassen er behalde utan større endringar, og rastemøblane er avgrensa mot parkeringsplassen med stabbesteinar. Målet har vore å lage eit robust anlegg med tanke på framtidig drift og vedlikehald.

Til Tyrvefjøra