Haugen/Zohar Arkitekter
Flesefossen
Med nedslite toalett, utdatert parkering og gamle tavler hadde rasteplassen med spektakulær utsikt til Flesefossen behov for ei oppgradering.
- Arkitekt:
- Haugen/Zohar Arkitekter
- Fullført:
- 2023
Med inspirasjon frå blant annet Bratlandsdalåa, Flesefossen, vatn og jettegryter har Haugen/ Zohar Arkitekter forma ein rasteplass med kurva linjeføring som tek opp i seg formasjonane i terrenget.
Plassen blir understreka av ein kraftfull struktur med kontrastar i materialbruk og farger. Stålstrukturen, beståande av søyler og tak, bølgjer seg i takt med elveføringa og dannar lommer med rom for wc og benkar. Stålstrukturen står på eit betongplatå som definerer rasteplassen og skil riksvegen og fossen. På fossesida inneheld platået ein utsiktsbalkong og eit amfi der ein kan komma ned til til elva.
Strukturen inneheld vertikale trestenderar med svartbeisa Accoya som dannar tettare parti med integrerte funksjonar. På framsida ligg p-plassen med sine ni parkeringsplassar, 2 bussoppstillingsplassar og inn- og utkøyringsområde.
Madland hamn
Madland hamn er ein vakker og vêrutsett stad som ligg fire nautiske mil sør for Obrestad.
- Arkitekt:
- Haugen/Zohar Arkitekter
- Fullført:
- 2023
Hamna er lita med to utstikkande moloar og blei bygd med statleg finansiering på 1930-talet.
I dag er hamna eigd av kommune. Dei gamle sjøbuene er i privat eige, men turistar er velkomne til å fiske, gå tur eller berre ta seg ein pause. Prosjektet Madland hamn er todelt og omfattar eit nytt servicebygg på eit utsiktsplatå framfor ein parkeringsplass og ei stormhytte nede i hamna.
Lanterna
Det jærske lyset og havhorisonten er utgangspunktet for forminga av utsiktplatået. Platået er ei presis betongflate i landskapet og forsterkar opplevinga av dei store rullesteinane like ved. Herifrå kan konturane av Jærkysten følgjast både mot nord og sør, med høg himmel, vid horisont og endelaust hav.
På platået er det bygd eit servicebygg; Lanterna. Bygget består av ei glaskjerne med toalett og eit
ytre skal bygd opp av grøne, spesialdesigna fasadeelement av fiberbetong. Forma og samansetjinga av fasadeelementa slepp sollyset inn og skaper eit fasinerande skuggespel i servicebygget. Når det er mørkt strøymer lyset ut gjennom elementa og gjer at bygget markerer hamna som ei lanterne.
Stormhytta
Når vinterstormane herjar er hamna ein populær stad for besøkande som vil oppleva dei ekstreme naturkreftene på nært hald. For å tilby ein trygg stad er det bygd ei lita stormhytte nede ved hamna. Stormhytta er laga av massivtre med ein rytmisk limtrekonstruksjon som dannar ei romleg oppleving. Gavlveggen er av glas og gir spektakulær utsikt. Hytta er meint å gi ly for alle som ferdast langs Nasjonal turistveg Jæren.
Team
Arkitekt: Haugen / Zohar Arkitekter AS
Landskapsarkitekt: Kristian Holo / Holo & Holo Landskapsarkitektur
Rådgivende ingeniør bygg: Ivana Katavic / Degree of freedom
Rådgivende ingeniør elektrisitet: Siw Sønvisen / Sweco
Rådgivende ingeniør vann og avløp: Jørgen Wilhelmsen / Sweco
Ureddplassen
Ureddplassen ankommer man enten fra øst eller vest. Dersom du kommer fra vest ser du innover fjorden, mot grønne fjellsider og tinder.
- Arkitekt:
- Haugen/Zohar Arkitekter
- Landskapsarkitekt:
- Inge Dahlman - Asplan Viak
- Fullført:
- 2018
Ved ankomst fra øst får du et vidstrakt utsyn over havet, fugleøya og horisonten.
Ureddplassen var allerede en opparbeidet rasteplass med et krigsminnesmerke over forliset av ubåten «Uredd». Rasteplassen er også et mye brukt utfartssted av både fastboende og turister for å beskue både midnattssol og nordlys.
Den nye rasteplassen har fått en ni meter bred utsiktsterrasse i betong. En bred trapp med vekselsvis trappe- og sittetrinn fører ned til strandsonen. Trappeanlegget har vid utsikt med sitteplasser godt skjermet for trafikkstøy. Det spesielle med utformingen er at alle betongelementer har myke, avrundede former og ikke rette kanter.
De myke linjene fortsetter i et bølgeformet toalettbygg i betong som rammer inn utsikten mot nord. Veggene er av glass som lyssettes i mørket. På terrassen er det satt ut sittebenker i karakteristisk marmor fra Fauske. Sokkelen på monumentet er laget av samme materiale og har fått en god plassering.