Rasteplass og utsiktspunkt Oscarshaug
GPS, Oscarshaug:
61.508772, 7.818779
Delvis tilgjengeleg for rullestol.
Toaletta er opne frå mai til midten av oktober. Tømming av toalett frå bubil og campingvogn er ikkje tillat.
Den renoverte rasteplassen byr på storslått utsikt mot fjella Hurrungane med mellom anna Store Skagastølstind.
Namnet på rasteplassen skriv seg frå ei reise som kong Oscar den 2. hadde over fjellet i 1860 og kor ein varde blei reist som minne om denne turen.
Toalettet på staden har fått nytt solid overbygg i stål. Frå parkeringsplassen er det god sti opp til varden på toppen av Oscarshaug. Stien har eit enkelt stålrekkverk.
Kart over strekningen
Stengt for vinteren
- Stengte:
- Beregnet åpnet:
Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen
Foto: Lars Grimsby, Statens vegvesen