Rasteplass og utsiktspunkt Liasanden

GPS, Liasanden:
61.67986219, 8.22536575
Tilgjengeleg for rullestol.
Toaletta er opne frå byrgjinga av mai til midten av september. Tømming av toalett frå bubil og campingvogn er ikkje tillate.
Denne rolege, lune rasteplassen i skogen ved Liasand var den første rasteplassen som stod ferdig langs dei nasjonale turistvegane.
Inne i furuskogen i Leirdalen i Lom finn du ein heilt annleis rasteplass. Her har naturen, trea og terrenget fått bestemme korleis rasteplassen skulle utformast til minste detalj.
Etter å ha vore stengt eit par år, gjenopna Liasanden i juni 2024 med oppgraderte toalett, nye uteareal med sitjegrupper og betre fasilitetar for syklistar gjennom to le-skur.
Grusvegen inne i skogen er forma som ei «elv» som utvidar seg og smalnar av i samspel med terrenget. Som eit miljøverntiltak har Statens vegvesen stengt av skogen for bilkøyring og viser til felles parkering i aust. Derfrå kan reisande lett spasere inn og raste i rekreasjonsområdet.
Kart over strekningen
Stengt for vinteren
- Stengte:
- Beregnet åpnet:







