Rasteplass og utsiktspunkt Flesefossen
GPS, Flesefossen:
59.692027, 6.752236
Tilgjengeleg for rullestol.
Toaletta er opne heile året. Tømming av toalett frå bubil og campingvogn er ikkje tillat.
Der Flesefossen kjem ned fjellsida ligg den største rasteplassen langs rv. 13 mellom Sand og Røldal i Bratlandsdalen.
Denne rasteplassen har fått ei omfattande oppgradering med ein langsgåande konstruksjon i stål og tre på ei plattform i betong som kjennemerke. .
Dei nye toaletta er innlemma i den nordlege enden av konstruksjonen. I prosjektet inngår også rastemøblar i terrenget og ein parkeringsplass som får kapasitet til ni bilar og to bussar.
Målet med prosjektet er å leggje til rette for at besøkande kan raste og nyte landskapsrommet og den mektige fossen i fred og ro.
Kart over strekningen
Stengt for vinteren
- Stengte:
- Beregnet åpnet: