Rasteplass og utsiktspunkt Flotane
GPS, Flotane:
61.00775251, 7.33157301
Tilgjengeleg for rullestol.
Toaletta er opne frå midten av juni til slutten av oktober. Tømming av toalett frå bubil og campingvogn er ikkje tillat.
Etter endelause stigningar frå fjøra til fjells, er det først over bakketoppen ved Flotane på Aurlandsfjellet at du kjenner deg «oppe».
Her er eit nytt landskapsrom med slake høgdedrag, vide sletter og med tindar og fonner i det fjerne. Rasteplassen med benkar og toalett får all nødvendig energi frå solcellepanel. Her møtes det vakre, det funksjonelle og det miljøvenlege.
Kart over strekningen
Stengt for vinteren
- Stengte:
- Beregnet åpnet:
Foto: Kjetil Rolseth
Foto: Lars J. Berge, LJB AS