Delar av Vøringsfossen opnar for sommarsesongen 8. juli
Publisert:
Då blir store delar av Fossatromma med parkering og stiar, samt utsiktsplattformer opna for alle.
Delar av parkeringsanlegget og toalettet på Fossatromma vil framleis vera stengt fram til heile anlegget opnar 18. september i år.
Tesla vil også opna dei 16 ladestasjonane sine der alle no har høve til å lada medan dei besøkjer anlegget.
Det har det siste året vore stor anleggsaktivitet på Fossatromma, området som no er under opparbeiding vest for Vøringsfossen. Arbeidet går føre seg fram til hausten 2024.
Statens vegvesen ber om at alle respekterer avstengt anleggsområde, med tanke på person- og trafikktryggleik.