Statens vegvesen søkjer entreprenør til nytt turistvegprosjekt i Ryfylke
Oppdraget for Nasjonale turistvegar er å bygga rasteplass med utsiktspunkt ved Kvelven langs riksveg 13 i Suldal kommune.

På utsida av riksveg 13 og Nasjonal turistveg Ryfylke, skal Statens vegvesen byggje ein rasteplass med utsiktspunkt i tilknyting til ein 600 meter lang verna vegstrekning. Stoppet er lokalisert i ei lita avkøyringslomme rett nord for Nesflaten i byrjinga av Brattlandsdalen.
Om arbeidet
Avkøyringslomma med parkeringsplassen er i dag opparbeidd med asfalt og avgrensa med stabbesteinar og handløpar i metall. Topplaget og stabbesteinane på parkeringsplassen skal fjernast og plassen skal byggjast opp på nytt med steinlagt gangareal på utsida og enkel planting.
Frå parkeringsplassen skal to små trapper gi dei besøkjande tilkomst til ei vandring langs kanten av juvet. Ut på to mindre knausar skal turen sikrast med rekkverk i stål og netting.
På knausane som «heng over elva» skal det monterast utsiktsplatå i stål som skal prefabrikkerast før dei blir montert på staden. Det skal også monterast fleire benkar i tre der ein kan setja seg ned og oppleve staden. Anleggsplassen mellom riksveg 13 og elva blir ein noko trong arbeidsstad i tilknyting til den trafikkerte vegen i aust og mot elvegjelet i vest.
-Vi ser fram til å signere kontrakt med ein av dei mange dyktige entreprenørane i regionen, seier Fredrik Fløgstad, strekningsansvarleg for Nasjonal turistveg Ryfylke i Statens vegvesen.
Bygg- og anleggsarbeida blei kunngjort som eit ope anbod 19. februar, med oppstart i mai. Prosjektet er planlagt gjennomført i løpet av 2025.
Arkitekt: ATSITE AS
Kontakt: Fredrik Fløgstad, strekningsansvarleg for Nasjonal turistveg Ryfylke.
E-post: