Søkjer entreprenør til turistvegprosjekt i Måbødalen
Statens vegvesen søkjer entreprenør til oppgradering av rasteplassen Måbø bru langs Nasjonal turistveg Hardangervidda.

Hardangervidda er Nord-Europa si største høgfjellsslette og ei kontrastfylt reise frå store vidder til møtet med det vestlandske fjordlandskapet.
Langs Rv.7 i Eidfjord kommune ligg Måbø bru rasteplass vakkert til ved utløpet av Måbøvatnet.

Rasteplassen skal no oppgraderast med sitjebenker, plantning, rekkverk og universelt utforma tilkomst, samt nedgraven renovasjon. 3RW arkitektar står for utforming av oppgraderinga, med ansvarleg arkitekt Sixten Rahlff.

-Vi ser fram til å signere kontrakt med ein av dei mange dyktige entreprenørane i regionen, seier Per Finborud, strekningsansvarleg for Nasjonal turistveg Hardangervidda i Statens vegvesen.
Anleggsarbeida vart kunngjorde som ein open tilbodskonkurranse 3. januar og skal etter planen starte til våren. Prosjektet skal stå ferdig i september 2025.