Ved Låtefoss oppstår det ofte trafikkfarlege situasjonar. Foto: Statens vegvesen

Størst er problema ved landemerket Låtefoss. Der oppstår det fleire gongar om dagen trafikkfarlege situasjonar på den tronge vegen.

– Vegbreidda på strekninga får me ikkje gjort så mykje med, men me vil oppfordra folk til god trafikantåtferd, seier fungerande avdelingsdirektør Henny-Kristin Asperanden Navarsete i Statens vegvesen og politistasjonssjef Øystein Torsnes i Hardanger.

Trafikkkaos på Låtefoss
Låtefoss er ein populær turistattraksjon. Foto: Statens vegvesen

Sommaren gjer at det er mykje meir trafikk enn vanleg, mellom anna med bubilar. Det har vore lange køar og stuving av trafikk. Det vert parkert ulovleg ute i vegen, og folk går ut på brua for å fotografera utan tanke på trafikktryggleik.

Me forstår at mange ynskjer å oppleva den flotte fossen på nært hald, men bodskapen frå Vegvesenet og politiet er klar, seier Navarsete og Torsnes.

– Det er både forbode og farleg å parkera i vegbana. Både naudetatar, næringstransport og andre er avhengige av framkomsten på vegen. Parkerte bilar i vegbana gir redusert framkomst og er sikthinder som kan skapa farlege situasjonar, understrekar dei.

Trafikkaos på Låtefoss.
Ved Låtefoss vert det parkert ulovleg ute i vegen. Foto: Statens vegvesen

– Tenk trafikktryggleik, både som sjåfør eller fotgjengar. Ikkje gå ut på brua ved Låtefossen og ta bilete viss det ikkje er trygt. Og vér merksam på at lyden frå fossen gjer at du ikke høyrer trafikken, legg dei alvorleg til.

Dette gjerast no:
• Festivalsommaren er ikkje over, så dei trafikale utfordringane i Hardanger vil vara endå nokre veker.
• Statens vegvesen får trafikkdirigentar på jobb ved Låtefoss. Respekter jobben dei gjer, og følg tilvisingane.
• Statens vegvesen varslar trafikantane på aktuelle digitale vegskilt, og i digitale kanalar.