Fossatromma ved Vøringsfossen er delvis stengt
Publisert:
Fossatromma ved Vøringsfossen langs Nasjonal turistveg Hardangervidda er delvis stengt for besøkande gjennom sumaren 2023.
Gjennom sumarsesongen 2023 er det stor anleggsaktivitet på Fossatromma, området som no er under opparbeiding vest for Vøringsfossen. Arbeidet pågår fram til sumaren 2024. Statens vegvesen Nasjonale turistvegar stenger derfor parkeringsplassen på Fossetromma og området rundt. Statens vegvesen beklagar dei ulempene dette måtte medføre.
Vøringsfossen vil stadig vera tilgjengeleg frå Fossli, aust for Vøringsfossen. Frå her vil utsiktspunkta ved Fossli, trappebrua, gamlebrua over Bjoreio og det nye utsiktspunktet ved Fossetromma vera ope for besøkande.