Ny rasteplass ved Flesefossen i stilreint design
Langs Nasjonal turistveg Ryfylke og rv. 13 mellom Nesflaten og Røldal, opnar Statens vegvesen ein ny rasteplass med stil og karakter i arkitekturen.
Med inspirasjon frå blant anna Bratlandsdalåa, Flesefossen, vann og jettegryter er det forma ein rasteplass med kurva linjeføring som tar opp i seg formasjonene i terrenget. På en plattform i betong med ein langsgåande konstruksjon i stål og tre, kan vegfarande ta seg ein god rast med flott utsikt til fossen. Eit nytt toalettbygg er innlemma i konstruksjonen. I prosjektet inngår også sittegrupper i terrenget og parkering for åtte personbilar og to bussar.
Opningsseremonien byrjar kl. 13, onsdag 7. juni.
Frå programmet:
- Velkomen ved Nasjonale turistvegar, Statens vegvesen.
- Arkitekturen ved Dan Zohar, Haugen/Zohar Arkitekter
- Byggeprosessen ved Helen Moen Gjuvsland, BG Suldal
- Betydinga for reiselivet ved reiselivsdirektør Liv Jorunn Tjelmeland, Reisemål Ryfylke
- Opning ved Gerd Helen Bø, ordførar i Suldal
Kulturelt innslag ved saxofonist Webjørn Sæther. Servering
Arkitekt: Haugen/Zohar Arkitekter - Landskapsarkitekt: HoloHolo AS - Entreprenør: BG Suldal - Byggherre: Statens vegvesen - Fullført: 2023
Rasteplassen Flesefossen er ein av seks nye attraksjonar som opnar i 2023. Inneverande år markerer Nasjonale turistvegar dessutan 30 år med kunst og arkitektur i storslått natur langs 18 strekningar. Det var i 1993 Stortinget bad Samferdselsdepartementet om å sjå nærare på kombinasjonen veg og reiseliv. Statens vegvesen tok ansvaret. Resultatet er i dag ein nasjonal attraksjon med internasjonal appell som medverkar til auka lønsemd for lokalt næringsliv.
Nasjonale turistveger - 30 år
Jubileumsmarkeringa Rast viser kombinasjonen kunst, arkitektur og reiseliv langs 18 Nasjonale turistvegar gjennom 30 år. Markeringa blir halden på Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo med seminar og utstilling i tidsrommet 15. – 25. juni.