Geilofirmaet GTS AS skal byggje to nye rasteplassar langs Nasjonal turistveg Hardangervidda
Det er dei to eksisterande stoppeplassane Vardestopp og Ørteren som no skal oppgraderast med oppmerka parkering, opphaldsareal og renovasjon.
-Vi er svært godt nøgd med å signere kontrakt med ein dyktig og lokal entreprenør som også har driftsansvar for Rv7, seier Per Finborud, strekningsansvarleg for Nasjonal turistveg Hardangervidda i Statens vegvesen.
Rasteplassane Vardestopp og Ørteren ligg vakkert til med sikt mot Hardangerjøkulen på klarvêrsdagar. No blir stoppeplassane oppgraderte med parkering og opphaldsareal.
Landskapsarkitektane Bjørbekk & Lindheim står for utforminga av rasteplassane som liknar kvarandre både i uttrykk og i val av løysing.
-Rasteplassene Vardestopp og Ørteren er utforma etter same lest i eit forsiktig og lågmælt uttrykk med mottoet «LA VERE» som utgangspunkt, det vil seie at anlegga er laga med så små inngrep i naturen som mogleg, seier landskapsarkitekt Nuno Almeida hos Bjørbekk & Lindheim.
Eit lågkarbon-betongdekke «Kragen» er utforma som opphaldsareal og eit element som formidlar overgangen frå det menneskeskapte veganlegget til det naturlege landskapet.
-Betongkragen er rettlinja og stram inn mot veganlegget, og buktar seg i ei organisk mjuk linje ut mot det naturlege landskapet og skapar varierte og unike små tilhaldsstader, seier han.
Rasteplassane skal stå ferdige seinhausten 2024.