Rasteplassen Måbø bru. Illustrasjon: 3RW arkitekter

-Vi er svært godt nøgde med å signere kontrakt med ein dyktig entreprenør, seier Per Finborud, strekningsansvarleg for Nasjonal turistveg Hardangervidda i Statens vegvesen.

Sju menn sit rundt eit bord i eit møterom.
Godt nøgde: Frå venstre: Kjell Arne Jøndal Steine, prosjektleiar investering i Statens vegvesen, Roger Thorstad, byggjeleiar i Statens vegvesen, Per Finborud, prosjektleiar i Statens vegvesen, Inge Andre Ytredal, anleggsleiar i Mesta AS, Eirik Endestad, prosjektleiar i Mesta AS. Underentreprenør: Martin Bidne Borlaug, dagleg leiar i Damfjell AS og Kato Vedvik, prosjektleiar i Damfjell AS. Foto: Frid-Jorunn Stabell, Statens vegvesen

Måbø bru er ei steinkvelvbru frå 1910 over elva Bjoreio i Måbødalen. Brua og gamlevegen er eit freda kulturminne og vart tatt ut av bruk då den nye traseen for riksveg 7 stod klar i 1986. Rasteplassen på nedsida av brua blir no oppgradert med sitjebenkar, vegetasjon, rekkverk og universelt utforma tilkomst, samt nedgraven renovasjon. 3RW arkitekter står for utforming av oppgraderinga, med ansvarleg arkitekt Sixten Rahlff.

Anleggsarbeida vart kunngjorde som ein open tilbodskonkurranse 3. januar og det kom inn 5 tilbod. Mesta AS er no tildelt oppdraget, med ein kontraktsum på kr. 3.340.000,- eks. mva. Anleggsarbeida vil starte i april og rasteplassen skal stå ferdig i september 2025.

Prosjektet er ein del av arbeidet med å ruste opp Nasjonal turistveg Hardangervidda i Måbødalen og ved Vøringsfossen til å bli ei heilskapleg reiseoppleving med gamle ferdselsvegar, kulturhistorie og turistvegprosjekta som viktige ingrediensar.

Byggherre: Statens vegvesen
Arkitekt: 3RW arkitekter